"Promised Land" på Kunstmuseet Kube

20.nov 2010 - 23.jan 2011 viser eg mine nyaste måleri på Kunstmuseet Kube i Ålesund, min heimby. Måleria har blitt til i løpet av dei siste fem åra. Dette er ei stor utstilling, på mange vis. Mine 15 måleri er utstilt i lag med installasjonane til Lorraine Aaron. Vi har begge dvelt kring tittelen "Promised Land". Altså "Lova Land". Eg har jobba med temaet på eit direkte vis heller enn filosofisk. I utstillinga har eg også laga ein serie med portrett. Her er dei portretterte anonymisert gjennom både kleda dei har på seg og omgjevnadane dei er plassert inn i. Likevel har eg forsøkt å portrettere dei som den dei er, og slik eg ser den enkelte.

Andre etasje

Andre etasje
Deler av utstillinga i andre etasje som viser rypeskulptur av Lorraine Aaron, to av mine kjedsomhetsmåleri, og altartavla "Territorium" i bakgrunnen.

Bukk og kjedsomhet

Bukk og kjedsomhet
Den ombygde bukken i forgrunnen har fått uttrykket til eit resignert dyr. Springbrettet ved bukken har ei overflate av spegel. Med ein base av bark vert skulpturen ei blanding av minne, ambisjonar overstrødd med eit dryss av surrealisme.

Kunst i kunst

Kunst i kunst
"Pause IV" speglar seg i den omarbeidde bukken til Lorraine Aaron

Speglane i bukken gjer rommet og alt i det så uendeleg djupt. Det tillet også ei blanding av skulpturane og måleria som kan verte alt ifrå ein fin effekt, til litt å spekulere på.

Fuglar

To kunstnarar som arbeider med det same tema opplever innimellom at arbeida deira vert eit ekko av kvarandre. Lorraine sin skulptur "Migration" spelar godt opp mot mitt måleri "Løfte II". Det er i denne delen av galleriet dei store hovudverka mine heng. Det heile er berre brote opp av den tre meter høge skulpturen midt i rommet. Alt arbeidet i dette rommet er dominert av det luftige. Avstandar, og romlege opplevingar i lag med ei religiøs atmosfære pregar arbeida i denne avdelinga. Sjølve gallerirommet har ei katedraliknande atmosfære som påverkar alt arbeid som vert vist her.

Fuglane
Fuglar er gjennomgåande i symbolbruken i "Promised land"

Portrettgalleriet

Portrettgalleriet
Fire portrett av svært ulike menneske med ulike posisjonar i samfunnet, utgjer portrettgalleriet mitt.

Det fins mange portrettgalleri rundt omkring. Nasjonal arv gjennom portrett frå ulike epokar er utstilt og tilgjengeleg for alle. Å vandre gjennom eit portrettgalleri kan vere ein temmeleg keisam aktivitet, med rekke på rekke av pompøse menn med hattar. Ein kan lese mykje inn i ei slik samling og utvala som er gjort. Den kan definere kven som er sett på som viktig, og kven som ikkje er det. Galleriet kan nyttast til underbygge politiske og nasjonalistiske fundament. Utvalet i galleriet kan vise oss kven vi "skal" sjå opp til, og er med å skape ein felles identitet. Samansetning av utstillingane kan også byggast opp rundt ulike konsept. Døme på dette er: nasjonalisme, mangfald, dialog, definisjonen av portrettet, etc.

Mitt portrettgalleri er gamaldags og dramatisk opplyst. Det viser fire ulike menneske som på eit eller anna vis har påverking på mitt liv som kunstnar og som medlem av samfunnet eg lever i. Eg har valt å portrettere desse personane fordi dei har ein viss posisjon. Ingen av dei er kledd i sine private klede, men dei er uniformert med den same type joggedress som asylsøkjarar får utdelt når dei kjem til Noreg. Så der har du det; eit portrettgalleri med ein vri.

Portrett

Etter å ha måla menneske inn i bilda mine i ei årrekke, har eg tatt steget inn i portrettmåleriet si store verd. Å "bruke" ein modell i eit måleri handlar om at vedkomande skal fylle ei rolle i bildet. Nesten på same vis som ein skodespelar trer ut av sin eigen person, og vert ein anna for rolla, men likevel har denne rolla i eigenskap av å vere den han er. I eit portrett har kunstnaren utfordringa å gjenskape personen han jobbar med. Då er sjølvsagt ein ytre likskap viktig, men også fysiske karaktertrekk må takast med. Portrettet skal også fortelje noko om kven ein person er; status, tidsepoke, personlegdom og utstråling. Kort sagt ei slags oppsummering av den portretterte.

Portrett av Anne Standal
Anne Standal er intendant i Aalesund Kunstforening, og ein fantastisk person å portrettere.

Om "Ingen"

Dette er eit måleri eg har arbeidd med i uminnelege tider. I alle fall tre år, på og av. Måleriet har endra seg ein del gjennom denne prosessen men ideen om den rytmiske repeteringa av personane, samt fuglebeina, og tråden som bind saman fingrane, har vore med heile vegen. Måleriet er stort. 150 x 120 cm. Tittelen er "Ingen" og skal visast på utstillinga "Promissed land" på Kunstmuseet Kube i Ålesund.

Ingen
"Ingen", Olje på lerret 150 cm x 120 cm, 2010

Galleri ramfjord

Eg har jobba fram to svære måleri den siste tida. Dei tok meg på eit vis med storm. Digre og direkte som dei no er. Bilda er laga for å vere med på kollektivutsillinga på Galleri Ramfjord i august 2009. Mennesket sit og bikkar på ei line. Som fuglar. Som menneske.

Mmmm
Eit av to mellomrom måleri. Måla for utstillinga på Galleri Ramfjord august 2009. Olje på lerret. 120 x 120 cm

Mellomrommet mellom rommet
Eit av to måleri laga for utstillinga på Galleri Ramfjord, august 2009. Olje på lerret 150 x 150 cm.