Avisartikkel artikkel 18.nov 2010
Torsdag 18. november 2010, Øy-blikk
Plagget som fjernar all identitet
Menneske i standard mørkeblå joggedressar er eit gjentakande element i Trine Røssevolds utstilling på Kube komande laurdag. Markante modellar vert strippa for alle identitetsskapande trekk idet dei vert tekne ut av sin samanheng og iført joggedressar.
RANDI H. LONGVA, randi@oyblikk.no
Mørkeblå joggedressar med kvite striper ligg i ei kasse i atelieret til valderøyingen Trine Røssevold i Nedre Strandgate. Utlendingsdirektoratets uformelege plagg inngår i standard-pakken som ein kvar asylsøkjar får når han eller ho kjem til eit mottak i Noreg.
To kunstnarar
Men desse joggedressane uniformerer ikkje lenger menneske som kjem til landet med håp om eit nytt tilvære. Dei er i staden blitt ein viktig del av bileta som Røssevold skal stille ut i Kunstmuseet Kube i Ålesund frå 20. november til 16. januar. Målarinnas 16 oljemåleri i storformat og installasjonane til skotske Lorraine Aaron utgjer utstillinga ”Promised land”. Tilknytinga mellom dei to kunstnarane går attende til studietida i Skottland på 90-talet. Dei har alltid hatt ein god dialog om og forståing for kvarandres arbeid, og tek no eit steg vidare gjennom ei felles utstilling.
Draumelandet
Inspirasjonen til tematikken som inngår i ”Promised land” fekk Røssevold då ho arbeidde på eit asylmottak ein periode. – Eg vart fascinert av dei mange ulike menneskelagnadene, og deira draum om eit betre liv både for seg sjølv og familien, fortel Røssevold. Ho trur at for mange asylsøkjarar er draumelandet meir ein ”state of mind” enn ein fysisk plass. Difor vert òg mange skuffa i møtet med dette landet, når dei har satsa alt og gitt avkall på tittel, respekt og alt som er knytt til deira identitet. Om du er barnelege eller kriminell, speler det inga rolle når du kjem til asylmottaket og får utlevert ein standard joggedress. Då vert du berre ein av massen. Ein identitetasylsøkjarar. Stigmatisert.
Utstillingstittelen får også tankane til å krinse rundt den religiøse tyding, og dei ulike kvalitetar ein må inneha og dei tilpassingar ein må gjere for å nå det ”det lovede land”. Sjølv om kunstnaren har late seg inspirere av asylsøkjarar, handlar utstillinga ikkje konkret om dei. I korte trekk handlar det om det å lengte, indre og ytre konfliktar, tapte og vunne draumar.
Menneskemiks
Modellane som Røssevold har portrettert iført Udi sin klassiske blå joggedress, har ho henta frå ulike delar av samfunnet. Her finn vi mediepersonen. Kulturpersonlegdomen. Og biskopen. Alle med forskjellige funksjonar.
– Eg har ikkje jobba med portrett på denne måten før. Det er utfordrande, men spanande og noko eg kunne tenkje meg å jobbe meir med. Eit portrett vert gjerne laga med bakgrunn i ein persons posisjon. Som ein heider. Eller det har ein personleg verdi for eit menneske. Sett i eit større verdsbilete, har portrett ofte blitt nytta i propagandasamanheng. Når ein portretterer, prøver ein å gjenskape eit menneske og dra fram element som representerer personen. Men det som gjer det ekstra utfordrande for Røssevold, er at hennar modellar er iført joggedressar. Det er difor ingen bekledning eller andre utanforliggjande detaljar som kan gjenspegle det karakteristiske ved personen. Ho må hente styrken og karakteren i personen sjølv.
Typisk norsk
Røssevold er naturleg nok spent på mottakinga. Det er hennar største utstilling noko sinne. Ho har aldri samarbeidd om ei utstilling med ein annan kunstnar tidlegare. Dei har delt tankar om innfallsvinkel og korleis dei jobbar med temaet, men berre få dagar før opninga er det fullstendig ope korleis dei todimensjonale kunstverka vil verke saman med dei tredimensjonale installasjonane. Men Røssevold er ikkje nervøs for om det vil fungere. Ho føler seg heilt viss på at Aaron kjem med noko som er veldig bra og solid. – Om eg skal vere ærleg, så er det meir skummelt å få ei vurdering av mine eigne arbeid.
Eg føler at eg må bevise at eg er god nok, at eg er ein skikkeleg kunstnar, med tanke på at eg krev min plass i samfunnet, fortel ho. Då ho lufta desse tankane for den australske fotografen som har fotografert bileta i førekant av utstillinga, vart ho møtt med undring og eit fnys om at det er ”typisk norsk å tenkje slik”. – Eg er nok veldig streng med meg sjølv. Vil at utstillinga skal halde mål, både konseptmessig og teknisk. Det er kan hende typisk norsk å tenkje slik. Jantelova rår.


